Hjem
BilletterNyhetsarkivPresseLenkerKontaktLogg Inn

HJEMMiSKMisk-barnaKorvirksomhetKirkefestdagerKonsertserien
– der STORE ØYEBLIKK skapes – Sandefjord kunst- og kulturkirke
DU ER HER: MiSK.no / Konsertserien > «Haugespor» (MiSKs kirkefestdager)
 

«Haugespor» (MiSKs kirkefestdager)

Ryfylke Livsgnist presenterer forestillingen «Haugespor – Skaparånd, spetakkel ... og strikkepinnar»

Økonomisk arrangør: MiSK


Sted: Sandefjord kunst- og kulturkirke
Dato: 21.09.2021
Tid: 19:00
Billetter: kr. 250. I salg via hjertnes.no

Ryfylke Livsgnist starta turneen i Rogaland og Møre og Romsdal i mai og juni, med 13 førestillingar. Nå ventar over 20 nye førestillingar rundt i landet, og ikkje minst i Sandefjord 21. september. Og ja; Hauge traska rundt i Vestfold og sette sine spor.
Tilbakemeldingane på spelet har vore formidable. Her går det i austlandsk, bergensk, sørlandsk og rogalandsk, og folk heng med uansett kor i landet ein kjem frå. Få med deg ein underhaldande og inspirerande halvannan time, til ettertanke og glede.

Medvirkende:

  • Tor Øyvind Skeiseid, skodespelar og manusforfatter
  • Silje Vignes Flesjå, skodespelar
  • Tolli H. A. Frestad, skodespelar
  • Svanhild Eggebø Spanne, skodespelar
  • Aril Schøld, musikalsk ansvarleg



Ryfylke Livsgnist, f.v. Aril Schøld, Svanhild Eggebø Spanne, Tor Øyvind Skeiseid, Silje Vignes Flesjå, Tolli H. A. Frestad.
Foto: Geir Landa


Kvifor eit jubileumsspel om Hans Nielsen Hauge?
Vil du læra, le og bli riven med? Av myndige bondekoner, sjølvgode potetprestar, håplause lensmenn og trongsynte pietistar? Hans Nielsen Hauge og haugianismen er ein himmelsk lapskaus av kvardagsliv, åndsliv, næringsliv, fattigdom, rikdom, konfliktar og omsorg. Haugerørsla har sett djupe spor i landet generelt og Vestlandet spesielt. Ryfylke Livsgnist presenterer eit historisk og humoristisk skråblikk på haugianismen, 250 år etter Hauge sin fødsel. Me trur jubileumsspelet kan hjelpa oss å sjå kvifor me blei som me blei her landet.

Om jubileumsspelet
Bli med tilbake til perioden 1796 til 1842, og opplev kva som skjedde i bygd og by i landet og på Vestlandet – med ein hyperaktiv, strikkande Hans Nielsen Hauge i front. Møt dei som var med og mot, forfølgjarar og etterfølgjarar. Musikalske perler, gripande situasjonar og gapskrattande scener kjem på løpande band. Fire skodespelarar og musikar speler 30 roller i løpet av halvannan time. Lek og lærd, styrande kvinner og myndige menn, bønder og handelsfolk, biskop og lensmann, alvorstynga predikantar og lystige haugianarar. Haugespor er ei førestilling som kan spelast i kyrkjer, konferanselokale, bedehus, gymsalar, industrikantiner, ja der folk kan samlast. Me speler gjerne der du ønskjer.

Om Ryfylke Livsgnist
Tor Øyvind Skeiseid, den eine av gründerane, slutta som profilert programleiar i NRK Rogaland, byrja som einsleg svale i Ryfylke Livsgnist og flytta til Finnøy. Planen var at gründer nummer to, Leif Arild Steen, skulle flytta etter om nokre år. Leif Arild jobba i IKM, og dreiv med sal av deler til ymse maskinar i oljeindustrien. Men før Leif Arild kom heim, starta både Kåre Vignes og Helene Ringen Vestbø i deltidsstillingar.

Vandring i Bedehusland blei fort ein suksess, det same kan ein seia om Tomatfestivalen. Tor Øyvind fekk også Reiselivsprisen for Rogaland i 2006 for desse to konsepta. Unge Skeiseid etablerte seg raskt som ein ettertrakta konferansier og inspirator. Livsgnisten var i vekst!

Leif Arild Steen flytta heim til Finnøy og starta for fullt i Livsgnisten i 2008. Leif Arild sette i gang med mange nye prosjekt, i tillegg til at han heldt fram som ein framifrå underhaldar i duoen Mugge & Bugge. Etter kvart auka både oppgåver og engasjement, og det blei behov for fleire tilsette. Dei neste åra blei både Svanhild Eggebø Spanne og Silje Vignes Flesjå tilsett i faste stillingar. Fleire enn dei har òg vore innom gjennom åra.

Ryfylke Livsgnist er blitt ei bedrift å rekna med innan kulturopplevingar, reiseliv, underhaldning, prosjektleiing, konferansieroppdrag, inspirasjonssamlingar, me stiller opp på nesten kva det skulle vera. Ja, så lenge me meiner me har noko å melda!


 

Kommende arrangementer

Sandefjord kunst- og kulturkirke har i dag et av landet største og fineste konsertklokkespill med hele 49 klokker. Ved denne konserten spiller klokkenist Laura-Marie Rueslåtten.




Musikk i Sandefjord Kirke og Sandefjord menighet inviterer til den andre festivalgudstjenesten under årets kirkefestdager.

Vi får også høre klokkespilltoner fra kirketårnet.




Avslutningskonsert for MiSKs kirkefestdager 2021 med operaarier, vakker klassisk musikk og urframføring av to bestillingsverk av Hans Mathisen.

Økonomisk arrangør: MiSK




Ung klassisk! MiSK og Sandefjord kulturskole inviterer til konsert under UKLA-festivalen 2021

Økonomisk arrangør: MiSK




Vi ønsker velkommen til musikkgudstjeneste med deltakere fra Ukla-festivalen.



Se alle arrangementer >>


Link til denne siden: Legg til på LinkedIn  Legg til på Twitter  Legg til på Facebook
© Musikk i Sandefjord Kirke      Postadresse: Bjerggt. 56, 3210 Sandefjord.      Kunstnerisk leder: Svein Rustad, tlf.: 906 77 508, e-post: svein.rustad@misk.no